1I den tida fanst det ingen konge i Israel. Og med Dans-ætta hadde det seg så at dei leita etter eit odelsland som dei kunne busetja seg i. For dei hadde endå ikkje fått nokon lut av det landet som fall på Israels-ættene.
7Så fór dei sin veg, dei fem mennene, og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sutlaust på same vis som sidonarane: roleg og sutlaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
8Då mennene kom heim att, spurde frendane deira i Sora og Esjta'ol: «Kva tidender kjem de med?»
9Dei svara: «Kom, lat oss fara opp og ta på dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å fara til det landet og leggja det under dykk!
10Når de kjem dit, kjem de til eit folk som ikkje reddast nokon fare, og landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar, eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»
11Så fór dei i vegen, seks hundre fullvæpna menn av Dans-ætta, frå Sora og Esjta'ol.
12Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dans-leiren heilt til denne dag. Han ligg vestanfor Kirjat-Jearim.
15Så tok dei vegen dit og kom til huset hans Mika, der den unge levitten budde, og dei helsa på han.
16Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dans-ætta vart ståande i porten,
17gjekk dei fem mennene som hadde vore på speiding der i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok med seg det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.
18Då dei fem gjekk inn i huset hans Mika og tok det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet, sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»
19«Tei stilt!» svara dei. «Ikkje eit ord! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje mykje betre for deg å vera prest for ei ættgrein og ætt i Israel enn for ein huslyd?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.