1Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han.
2Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar.
4Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar.
21Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.