1Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp:
2I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske.
3I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: «Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.»
4Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske,
5vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.»
6Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege domaren seier!
7Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?
8Eg seier dykk: Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»
Farisearen og tollaren9Til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
10To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar.
14Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.Jesus og borna(Matt 19,13–15; Mark 10,13–16)
15Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Då læresveinane såg det, ville dei visa dei bort.
16Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.
17Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»Jesus og den rike mannen(Matt 19,16–30; Mark 10,17–31)
18Ein av rådsherrane kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera, så eg kan få evig liv?»
28Då sa Peter: «Kva så med oss, som har gått ifrå alt vårt og fylgt deg?» Den blinde mannen ved Jeriko(Matt 20,29–34; Mark 10,46–52)
35Då Jesus kom bort imot Jeriko, sat det ein blind mann attmed vegen og tigga.
36Mannen høyrde at det gjekk mykje folk frametter, og spurde kva det var.
37Dei svara at Jesus frå Nasaret fór framom.
38Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 17,13; Matt 9,27; 15,22
39Dei som gjekk føre, skjente på han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»
40Jesus stogga og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom innåt, spurde Jesus han:
41«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet!» svara han.
42Jesus sa til han: «No skal du få synet! Trua di har frelst deg.» 7,50+
43Straks kunne han sjå, og han gav seg i lag med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.