Job 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den gudlause har berre mørker i vente

1Då tok Sofar frå Na'ama til ords og sa:

2Mine tankar gjev meg svar på dette,

difor er eg så oppøst.

3Til mi skam må eg høyra refsingsord,

men ut frå mitt skjøn gjev mi ånd meg svar.

4Du veit at så har det vore frå eldgamal tid,

heilt sidan mennesket vart sett på jorda:

5Dei gudlause jublar ei lita stund,

ein augneblink varer nidingens glede.

6Om hans hovmod lyfter seg himmelhøgt,

og hans hovud reiser seg mot sky,

7så går han for alltid til grunne som skit;

dei som såg han, spør: «Kvar vart det av han?»

8Han flyg bort som ein draum og finst ikkje meir,

han kverv som eit syn om natta.

9Auga som såg han, ser han ikkje lenger,

han er aldri meir å sjå på sin heimstad.

10Hans born må be småkårsfolk om hjelp;

og sjølv må han gje sin rikdom attende.

11Hans bein var fulle av ungdoms kraft,

men no må ho fylgja med han i støvet.

12Det vonde smakar søtt i hans munn,

han gøymer det under tunga.

13Han sparer på det og slepper det ikkje,

men held det fast mot ganen.

14Likevel vert maten omskapt i hans mage

og vert til ormeeiter i hans liv.

15Den rikdom han slukte, må han kasta opp,

Gud driv det ut or hans buk.

16Ormeeiter må han suga i seg,

hoggormen drep han med si tunge.

17Aldri får han sjå at det renn

bekker med honning og elvar med mjølk.

18Han må gje att det han har vunne,

og får ikkje nyta godt av det;

han har inga glede av den rikdom han vann.

19For han knuste småkårsfolk og lét dei liggja,

han røva hus som han ikkje hadde bygt.

20Men inni seg fekk han aldri ro,

med alle sine skattar kan han ikkje bergast.

21Ingen ting slapp unna hans grådige lyst,

difor skal hans velstand ikkje vara.

22Trongt vert det for han midt i hans overflod,

ulukka råkar han med all si makt.

23For at han skal få nok,

sender Gud imot han sin brennande vreide

og lèt undergang regna på han.

24Rømer han for jernvåpen,

skal ein bronseboge gjennombora han.

25Han dreg pila ut or ryggen

og blanke odden or galleblæra;

då vert han gripen av redsle.

26Berre mørker har han i vente.

Han skal øydast av ein eld

som ingen blæs på.

Dei av hans ætt som har sloppe unna,

skal det gå ille.

27Himmelen openberrar hans skuld,

og jorda reiser seg mot han.

28Den avling han har i sitt hus, vert ført av stad,

ho vert bortskyld på Guds vreidedag.

29Slik lagnad får vonde menneske av Gud,

det er den arv han har etla dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help