1. Mosebok 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Sodoma og Gomorra vert øydelagde

1Dei to englane kom til Sodoma om kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, bøygde seg til jorda

6Då gjekk Lot ut i døra til dei, stengde henne etter seg

7og sa: «Kjære brør, gjer ikkje slik ei ugjerning!

8Eg har to døtrer som ingen mann har vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, så kan de gjera med dei som de lyster. Men desse mennene må de ikkje gjera noko, sidan dei har funne livd under mitt tak.»

9Men dei ropa: «Bort med deg! Her kjem denne framandkaren og vil bu hjå oss,» sa dei, «og så gjev han seg til å vera domar! No skal vi fara verre åt med deg enn med dei.» Så gjekk dei hardt inn på mannen, på Lot. Dei storma mot døra og ville bryta henne sund.

10Då rette mennene ut handa, tok Lot inn til seg i huset og stengde døra.

11Og dei vildra synet på mennene utanfor husdøra, både på små og store; kor mykje dei streva, fann dei ikkje døra.

12Då sa mennene til Lot: «Har du elles nokon her, anten versøner, søner eller døtrer eller andre som høyrer deg til i byen, så skal du ta dei med deg bort herifrå.

13For no skal vi øydeleggja denne staden, av di eit sterkt klagerop over folket har nått opp til Herren, og han har sendt oss for å øydeleggja byen.»

23Då sola rann over landet, kom Lot fram til Soar.

24Då lét Herren det regna svovel og eld over Sodoma og Gomorra – ned frå Herren, frå himmelen.

27Tidleg om morgonen gjekk Abraham til den staden der han hadde stått framfor Herren.

28Då han skoda ut over Sodoma og Gomorra og heile slettelandet, såg han at det valt røyk opp frå landet, som røyken frå ein smelteomn.

29Så gjekk det til at Gud kom Abraham i hug då han øydela byane på sletta. Han leidde Lot midt ut or øydelegginga, som han sende over dei byane Lot hadde butt i.

Døtrene til Lot

30Frå Soar fór Lot opp i fjellet og gav seg til der saman med dei to døtrene sine; for han torde ikkje verta verande i Soar. Så budde dei i ei fjellhole, han og dei to døtrene hans.

31Då sa den eldste dottera til den yngste: «Far vår er gamal, og det finst ikkje ein mann her i landet som kan vera saman med oss på vanleg vis.

32Kom, lat oss gje far vår vin å drikka og liggja med han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!» 3 Mos 18,7

33Same kvelden skjenkte dei far sin vin, og den eldste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp.

34Dagen etter sa den eldste til den yngste: «Høyr her, i natt låg eg med far. Lat oss gje han vin å drikka i kveld òg. Og gå så du inn og legg deg hjå han, så vi kan halda ætta oppe med far vår!»

35Dei skjenkte far sin vin den kvelden òg, og den yngste gjekk og la seg hjå han. Han merka ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho stod opp.

36No skulle begge døtrene til Lot ha barn med far sin.

37Den eldste fekk ein son og kalla han Moab. Frå han er moabittane ætta, som finst den dag i dag.

38Den yngste fekk òg ein son og kalla han Ben-Ammi. Frå han er ammonittane ætta, som finst den dag i dag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help