Salmane 44 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Støyt oss ikkje bort for alltid!

1Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Ein læresalme.

2Gud, vi har høyrt det med eigne øyro,

våre fedrar har fortalt oss det:

Du gjorde eit verk i deira tid,

i gamle dagar gjorde du det.

3Med di hand dreiv du folkeslag ut,

men våre fedrar planta du;

dei andre folka knuste du,

men våre fedrar fekk breia seg fritt.

4For dei tok ikkje landet med sverd,

deira arm gav dei ikkje siger.

Det var du som hjelpte dei

med di høgre hand og din arm

og med ljoset frå ditt åsyn;

for du hadde dei kjær.

5Einast du er min konge og Gud,

som byd at Jakob skal bergast.

6Med di hjelp har vi støytt

våre fiendar til jorda,

i ditt namn har vi trakka

våre motstandarar ned.

7For eg sette ikkje mi lit til bogen,

det var ikkje sverdet som berga meg.

8Nei, du har frelst oss frå våre fiendar,

dei som hata oss, gjorde du til skammar.

9Av Gud har vi alltid rosa oss,

vi prisar ditt namn til evig tid. Sela

10Likevel støytte du oss bort med skam,

du drog ikkje ut med våre hærar.

11Du lét oss vika for fienden;

dei som hata oss, reiv til seg hærfang.

12Du har gjeve oss over som slaktefe

og spreitt oss mellom folkeslaga.

13Du har selt ditt folk til spottpris,

du tok ikkje stor betaling for det.

14Du gjer oss til hån for våre grannefolk,

til spott og spe for dei som bur ikring oss.

15Du gjer oss til eit ordtak mellom folka,

lèt folkeslag rista på hovudet åt oss.

16Mi vanære har eg alltid for auga,

mitt andlet raudnar av skam,

17når eg høyrer dei som hånar og spottar,

når eg ser min fiende som vil ha hemn.

18Alt dette har kome over oss,

endå vi ikkje har gløymt deg

og ikkje har svike di pakt.

19Vårt hjarta har ikkje vike frå deg,

våre steg har ikkje bøygt av frå din veg.

20Likevel har du støytt oss bort

til den staden der sjakalar held til,

og løynt oss i djupaste mørkret.

21Hadde vi gløymt å tilbe vår Gud

og lyft våre hender til ein framand gud,

22då ville vel Gud ha merka det,

han som kjenner hjartans løynde tankar.

23Men for di skuld

vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

24Vakna! Kvifor søv du, Herre?

Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!

25Kvifor løyner du ditt andlet,

kvifor gløymer du vår naud og trengsle?

26Vår sjel er bøygd i støvet,

vår kropp ligg trykt til jorda.

27Reis deg og hjelp oss,

fri oss ut for din truskap skuld!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help