1Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han sat fengsla i vaktgarden, og det lydde så:
4For så seier Herren, Israels Gud, om husa her i byen og om Juda-kongens gardar, som vart rivne ned for å brukast til vollar og vern
12Så seier Herren, Allhærs Gud: På denne staden som no ligg aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring, skal det atter vera beite, der gjætarar lèt sauene roa seg.
13I alle byane, både i fjell-landet, Sjefela og Negev, i Benjamins-landet og området rundt Jerusalem og i Juda-byane skal saueflokkar endå ein gong gå fram under handa åt han som tel dei, seier Herren.
14Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.
23Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så:
24Har du ikkje lagt merke til kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Såleis vanærar dei folket mitt, fordi dei ikkje lenger held det for å vera eit folk.
25Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve lover for himmel og jord,
26vil eg støyta frå meg ætta åt Jakob og åt David, tenaren min, og ikkje ta nokon av etterkomarane hans til å råda over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.