1I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.
2Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.
3Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
4Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt,
6Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,
7og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.
8Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta.
9Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde.
10Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket.
11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.
12Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»
13Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:
14«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har hugnad i!»
15Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.»
16Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.
17Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.
18Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde.
19Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det. Simeon og Anna i templet
22Då reinsingstida som Moselova føreskriv, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.
25I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han,
31som du har skipa til for alle folks åsyn,
32eit ljos til openberring for heidningane
og til ære for Israel, folket ditt.
33Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.
34Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt.
36Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år,
37og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.
39Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.
40Og guten voks og vart sterk; han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.Jesus som tolvåring i templet
41Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.