1Til korleiaren. Med strengespel.
Ein læresalme av David.
2Høyr mi bøn, Gud,
løyn deg ikkje når eg tryglar og bed.
3Akta på meg og gjev meg svar!
Eg får ikkje ro for mi sut.
Eg er heilt ifrå meg
4når fienden ropar,
og dei gudlause trykkjer meg ned.
For dei velter vondskap over meg,
rasande går dei laus på meg.
5Mitt hjarta skjelv i barmen,
dødsangst kjem over meg.
6Otte og age fyller meg,
og heile kroppen skjelv.
7Eg tenkte: Hadde eg venger som dua,
då flaug eg bort og fann meg ein bustad.
8Langt av garde ville eg røma
og halda til i øydemarka. Sela
9Eg ville skunda meg i livd
for storm og rykande uver.
10Skap redsle og rådløyse, Herre,
og kløyv deira tunger!
For eg ser berre vald og strid i byen.
11Dag og natt går dei ikring han
oppå murane.
Vondskap og urett rår i byen,
12han er full av rotenskap.
Frå torget der vik ikkje vald og svik.
13Det er ikkje ein fiende som spottar meg
– det kunne eg nok tola,
ingen uven som audmykjer meg
– då ville eg gøyma meg for han.
14Nei, det er du, min likemann,
min gode ven og kjenning,
15– vi som hadde det godt i lag
og gjekk i festtog til Guds hus.
16Lat døden koma over dei,
lat dei levande fara til dødsriket!
For vondskap har dei i heim og hug.
17Men eg vil ropa til Gud,
og Herren skal frelsa meg.
18Både kveld og morgon og midt på dagen
må eg klaga og sukka.
Han vil høyra når eg ropar,
19fria meg frå striden og gje meg fred,
endå mange går imot meg.
20Gud skal høyra meg og audmykja dei,
han som frå eldgamal tid sit på trona. Sela
For dei snur ikkje om
og har ikkje age for Gud.
21Fienden legg hand på sine vener,
skamlaust bryt han si pakt.
22Hans tale er sleipare enn smør,
men i hjarta tenkjer han på strid.
Hans ord er mildare enn olje,
likevel er dei som dregne sverd.
23Kast di bør på Herren,
han vil syta for deg!
Aldri i æve skal han
la den rettferdige rikkast.
24Men du, Gud,
støyt drapsmenn og svikarar
ned i den djupe grav,
så dei berre får helvta av sine dagar.
Men eg set mi lit til deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.