1Så seier Herren:
Himmelen er min kongsstol
og jorda skammel for mine føter.
Kva slag hus kan de byggja åt meg,
kva slag bustad kan de gje meg?
2Alt dette har eg skapt med mi hand,
såleis vart det til, seier Herren.
Desse ser eg nådig til:
dei arme som kjenner seg knuste
og skjelv for mitt ord.
3Den som slaktar ein okse,
er lik ein manndrapar,
den som ofrar eit lam,
er lik ein hundemordar,
den som ber fram grødeoffer,
er lik den som ofrar svineblod,
den som brenner røykjelse,
er lik den som hyller ein avgud.
Dei som gjer dette,
har valt sine eigne vegar;
dei held av sine fæle gudebilete.
4På same måten vel eg òg
å la det gå dei ille
og føra over dei
det dei går og gruar for.
For ingen svara når eg ropa,
og ingen høyrde når eg tala.
Dei gjorde det som vondt var i mine augo,
og valde det som eg ikkje lika. Frelse og dom
5Høyr kva Herren seier,
de som skjelv for hans ord!
Brørne dykkar som hatar dykk
og støyter dykk bort for mitt namn skuld,
dei seier: «Lat Herren syna seg herleg,
så vi kan sjå kor glade de vert!»
Men dei skal verta til skammar.
6Høyr larmen frå byen!
Høyr omen frå templet!
Høyr, Herren gjev sine fiendar lika
for det dei har gjort!
7Før riene kjem, har kvinna født,
før ho vert sjuk, har ho fått ein gut.
8Kven har høyrt noko slikt,
kven har sett noko liknande?
Kjem eit land til på ein einaste dag,
vert eit folk født på ein augneblink?
Men Sion fødde sine born
med det same riene kom.
9Skulle eg opna morsliv
og ikkje la det koma til fødsle? seier Herren.
Skulle eg la fødsla ta til
og så halda fosteret att?
seier din Gud.
10Gled dykk med Jerusalem,
og jubla over henne,
alle de som har henne kjær!
Fegnast med henne,
alle de som syrgjer over henne!
11Så skal de suga og mettast
ved hennar trøystefulle barm,
ja, drikka og gleda dykk
ved hennar herlege bryst.
12For så seier Herren:
Sjå, til Sion leier eg
lukke og fred som ei elv,
og dit skal rikdomen åt folka koma
som ein fløymande bekk.
Dei skal bera hennar born på armen
og vogga dei på fanget.
13Som ei mor trøystar son sin,
såleis vil eg trøysta dykk,
ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
14De skal sjå det med glede i hjarta,
de skal gro som det grøne graset.
Herrens tenarar skal kjenna hans hand,
men fiendane får merka hans vreide.
15For sjå, Herren kjem som ein eld,
hans vogner som ein storm.
Han slepper sin vreide laus som ein brann
og sine trugsmål som logar.
16For med eld skal Herren halda dom,
med sitt sverd skal han slå kvart menneske;
mange er dei som Herren feller.
17Dei som helgar og reinsar seg
når dei går til hagane
i lag med ein som går i midten,
dei som et svinekjøt,
mus og annan styggedom,
dei skal alle gå til grunne,
lyder ordet frå Herren. Frelse og straff vert fullenda
18Eg som kjenner gjerningane og tankane deira, kjem og samlar alle folk og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom.
22For liksom den nye himmelen
og den nye jorda som eg skaper,
alltid skal stå for mitt åsyn,
så skal òg dykkar ætt og namn stå seg,
lyder ordet frå Herren.
23Kvar nymånedag, frå månad til månad,
og kvar sabbatshelg, frå veke til veke,
skal alle menneske koma
og bøya seg og tilbe meg,
lyder ordet frå Herren.
24Og når dei så fer bort,
skal dei sjå lika av dei menn
som reiste seg mot meg.
Makken deira skal ikkje døy
og elden deira ikkje slokna;
dei skal vera ei gru for alle menneske.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.