1Så sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»
2Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.
3Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde så:
4«Ta det beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ei bergskorte.»
5Eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, så som Herren hadde sagt meg.
6Lang tid etter hende det at Herren sa til meg: «Stå opp og gå til Eufrat og henta beltet som eg bad deg gøyma der.»
7Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå den staden der eg hadde gøymt det. Men då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
9Så seier Herren: Såleis vil eg gjera ende på det store hovmodet i Juda og Jerusalem.
10Det skal gå dette vonde folket som ikkje vil høyra på mine ord, men fylgjer sitt harde hjarta og held seg til andre gudar, som dei dyrkar og kastar seg ned for, så som det gjekk dette beltet, som ikkje duger til noko.
11For liksom beltet er godt fastbunde om hoftene til mannen, såleis har eg bunde heile Israels-ætta og Juda-ætta til meg, lyder ordet frå Herren, så dei skal vera mitt folk, til ære, pris og prydnad for meg; men dei ville ikkje høyra.Dei knuste vinkrukkene
12Du skal tala dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Og når dei svarar deg: «Vi veit då godt at kvar krukke er til å fylla vin på»,
13skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur her i landet, så dei vert drukne, både kongane som sit på Davids kongsstol og prestane, profetane og alt folket i Jerusalem.
17Men vil de ikkje høyra på dette,
må eg gråta i løynd
over hovmodet dykkar,
gråta så tårene renn frå auga
fordi Herrens folk vert ført i fangenskap.
18Sei til kongen og kongens mor:
Set dykk lenger nede,
for no er den staselege krona
fallen av hovudet dykkar.
19Byane i Negev er stengde,
det er ingen som opnar dei.
Heile folket i Juda er bortført,
bortført til siste mann.
Jerusalems skam20Lyft augo dykkar og sjå:
Der kjem dei frå nord!
Kvar er no den flokken du fekk,
dei fine sauene dine?
21Kva vil du seia
når dei du er van å ha til vener,
vert sette til hovdingar over deg?
Då vil du vel gripast av rier
som ei kvinne når ho skal føda.
22Kanskje seier du med deg sjølv:
«Kvifor skal dette henda meg?»
Jau, på grunn av di store skuld
vart ditt slep lyft opp
og dine lemer utsette for vald.
23Kan ein neger skifta si hud
eller ein leopard sine flekker?
Då kan de òg gjera godt,
de som er vane å gjera vondt.
24No vil eg spreia dei lik halmstrå
som fyk for vind utor øydemarka.
25Det er din lut, din tiletla del,
som du får frå meg,
lyder ordet frå Herren,
fordi du gløymde meg
og sette di lit til lygn.
26Eg skal sjølv lyfta slepet
opp over andletet på deg,
så dei ser di skam,
27ditt ekteskapsbrot, di vrinsking
og din skamlause ulivnad.
På haugane og ute på marka
såg eg den styggedom du dreiv med.
Ve deg, Jerusalem, som ikkje vert rein!
Kor lenge skal dette vara?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.