1Elihu tok atter til ords og sa:
2Du som sa:
«Eg er rettferdigare enn Gud,»
held du det for rett å spørja:
3«Kva gagnar det meg,
kva hjelper det
at eg lèt vera å synda?»
4Eg skal gje deg svar,
og venene dine med:
5Vend augo mot himmelen og sjå,
legg merke til skyene høgt der oppe!
6Kva gjer det Gud om du syndar?
Alle dine brot, kva skader dei han?
7Og kva gjev du han om du er rettferdig,
kva kan vel han ta imot frå deg?
8Din vondskap kjem over dine medmenneske,
berre menneskeborn har gagn av di rettferd.
9Folk klagar over alle som er harde med dei,
og ropar om hjelp mot mektige menn.
10Men ingen spør: «Kvar er Gud, min skapar,
han som lèt lovsong lyda om natta,
11som lærer oss meir enn dyra på marka
og gjer oss klokare
enn fuglane under himmelen?»
12Då ropar dei utan å få svar
og klagar over hovmodet åt dei vonde.
13Nei, det er fåfengt. Gud høyrer dei ikkje,
Den Allmektige ansar ikkje slikt.
14Jamvel når du seier at du ikkje ser han,
ser han di sak,
og du må venta på han.
15Men no, når Gud ikkje straffar i vreide
og ikkje bryr seg stort om synda,
16då opnar Job sin munn til inga nytte
og kjem med mykje uvitug tale.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.