1Du skal setja i med ein klagesong over leiarane i Israel
2og seia:
Kva var mor di?
Ei løvinne mellom løver;
mellom ungløver låg ho og fostra sine ungar.
3Ein av ungane alte ho opp,
og han vart ei retteleg ungløve.
Han lærte å gå på rov,
han åt opp menneske.
4Folkeslag fekk høyra om han,
og han vart fanga i deira fallgrav.
Dei sette naseringar på han
og førte han til Egypt.
5Då løvinna såg at ho venta til fåfengs,
at all hennar von var ute,
då tok ho ein annan av ungane sine
og gjorde han til ei ungløve.
6Han gjekk der mellom løvinnene,
og det vart ei ungløve av han.
Han lærte å gå på rov,
han åt opp menneske.
7Han skadde borgene
og la byane i øyde.
Landet og alt som fanst der,
stivna av redsle når dei høyrde han brøla.
8Folk frå landa rundt ikring
sette då ut sine garn.
Dei strekte dei ut over han
og fanga han i si fallgrav.
9Dei sette han i bur,
hadde naseringar på han
og førte han til kongen i Babylon.
Der sette dei han i ei sterk festning,
så ingen skulle høyra brøla hans meir
over Israels-fjella.
10Mor di var eit vintre i hagen,
planta attmed vatn.
Treet bar frukt og fekk mange greiner,
fordi det hadde rikeleg med væte.
11Greinene vart så sterke
at dei kunne brukast til styrarstavar.
Høgt voks det opp mot skyene,
lett synleg fordi det var så høgt
og hadde så mange greiner.
12Men treet vart rive opp – i harme –
og kasta til jorda.
Austavinden turka ut frukta;
jamvel dei sterke greinene
vart rivne av og visna,
og elden gjorde ende på dei.
13No er det planta i øydemarka,
i det turre, tyrstande landet.
14Eld gjekk ut frå ei grein på treet
og øydde kvistene og frukta.
Det har ikkje meir noka sterk grein
som kan vera styrarstav.
Dette skulle vera ein klagesong; og ein klagesong har det vorte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.