1Men israelittane gjorde atter det som vondt var i Herrens augo. Då lét Herren filistarane få makt over dei, og det varte i førti år.
2Det var ein mann av Dans-ætta som heitte Manoah. Han budde i Sora. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.
3Og Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal verta med barn og få ein son.
4Akta deg no og drikk ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint!
5For du skal verta med barn og få ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans; for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og han skal gjera opptaket til å berga Israel frå filistarane.»
6Så gjekk kona til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.
7Han sa til meg: Du skal verta med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»
8Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss korleis vi skal fara åt med det barnet som skal koma til verda.»
9Gud høyrde Manoahs bøn. Og Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka, og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.
10Då sprang ho svint heim og fortalde det til mannen sin og sa: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»
11Manoah reiste seg og fylgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja,» svara han.
12Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då bera oss åt med guten, og kva skal vi gjera med han?»
13Herrens engel svara: «Alt det eg nemnde for kona di, lyt ho akta seg for.
14Ho må ikkje nyta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har sagt henne, lyt ho halda seg etter.»
15Då sa Manoah til Herrens engel: «Kan du ikkje bia her eit bel, så vi får stella til eit kje for deg?»
25Og Herrens Ande tok til å driva han medan han var i Dans-leiren mellom Sora og Esjta'ol.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.