Salmane 107 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens hjelp i nauda

1Pris Herren, for han er god,

hans miskunn varer til evig tid!

2Så skal Herrens utløyste seia,

dei som han løyste ut or nauda

3og samla frå andre land,

frå aust og vest, frå nord og sør.

4Somme fór vilt i øydemark og hei;

dei fann ikkje veg til ein by å bu i.

5Dei var svoltne og tyrste

og hadde ikkje kraft i si sjel.

6Då ropa dei i si naud til Herren,

og han fria dei ut or trengslene.

7Han førte dei på den rette vegen,

så dei kom til ein by dei kunne bu i.

8Dei skal takka Herren for hans miskunn,

at han gjer under for menneska,

9at han sløkkjer deira brennande torste

og mettar dei svoltne med det som godt er.

10Somme sat i stummande mørker,

hjelpelause, bundne i jern,

11fordi dei hadde stått Guds ord imot

og vanvørdt dei råd Den Høgste gav.

12Deira hjarto var tyngde av møde;

dei snåva, og det var ingen som hjelpte.

13Då ropa dei i si naud til Herren,

og han frelste dei ut or trengslene.

14Han førte dei ut or stummande mørker

og sleit deira lekkjer sund.

15Dei skal takka Herren for hans miskunn,

at han gjer under for menneska,

16at han sprengjer bronseportar

og slår jernbommar sund.

17Somme vart dårar ved si syndige ferd,

dei laut lida for sine misgjerningar.

18Alle slag mat baud dei imot,

dei kom heilt til dødens portar.

19Då ropa dei i si naud til Herrren,

og han frelste dei ut or trengslene.

20Han sende sitt ord og lækte dei

og fria dei frå grava.

21Dei skal takka Herren for hans miskunn,

at han gjer under for menneska.

22Dei skal bera fram takkoffer

og fortelja med fryd om hans gjerningar.

23Somme fór ut på havet med skip,

dreiv handel på store hav.

24Dei fekk sjå Herrens gjerningar,

hans underverk ute på djupet.

25Han baud, og det bles opp til uver,

havsens bylgjer gjekk høge.

26Dei steig mot himmelen, sokk i djupet,

så folk miste motet i nauda.

27Dei tumla og raga som drukne,

var heilt frå sans og samling.

28Då ropa dei i si naud til Herren,

og han førte dei ut or trengslene.

29Han fekk stormen til å stilna,

havsens bylgjer fall til ro.

30Glade vart dei då det stilna;

han førte dei til den hamn dei ynskte.

31Dei skal takka Herren for hans miskunn,

at han gjer under for menneska.

32Dei skal lova han når folket er samla,

og prisa han der dei eldste sit.

33Han gjorde elvar til øydemark,

vassrike kjelder til tyrstande land

34og grøderik jord til saltlende;

for dei som budde der, var vonde.

35Han gjorde øydemark til sevgrodd tjørn

og det turre landet til kjelder.

36Der lét han dei sveltande slå seg ned,

dei fekk grunnleggja ein by til å bu i.

37Dei sådde åkrane til, planta vintre

og hausta frukta og grøda.

38Han velsigna folket, det voks seg stort,

og han lét det ikkje vanta fe.

39Men sidan minka dei i tal;

dei vart bøygde og tyngde

av ulukke og sorg.

40Han auste vanvørdnad ut over stormenn

og lét dei villa seg bort i veglaus audn,

41men lyfte dei fattige opp or armod

og gjorde deira ætter til ein talrik flokk.

42Dei ærlege ser det og gleder seg,

men all vondskap må lata att sin munn.

43Den som er vis, skal merka seg dette

og akta på Herrens velgjerningar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help