1Eg elskar Herren,
for han høyrde meg
då eg trygla og bad.
2Fordi han vende øyra til meg,
vil eg kalla på han alle mine dagar.
3Dødens lekkjer snørte seg om meg,
helheims redsler greip meg,
eg fann berre naud og sorg.
4Då kalla eg på Herren:
«Å, Herre, berga mitt liv!»
5Herren er nådig og rettferdig,
miskunnsam er vår Gud.
6Herren vernar dei umyndige,
han kom meg til hjelp då eg var veik.
7Kom til ro att, mi sjel,
for Herren har gjort vel imot deg!
8Ja, du har berga mitt liv frå døden,
mitt auga frå gråt og min fot frå fall.
9Eg får ferdast for Herrens åsyn
i landet åt dei levande.
10Eg trudde, jamvel då eg sa:
«Eg er ille plaga.»
11I min angst og mi uro sa eg:
«Kvart menneske er ein lygnar.»
12Kva skal eg gje Herren att
for alle hans velgjerningar mot meg?
13Eg lyfter frelsesstaupet
og kallar på Herrens namn.
14Eg vil halda mine lovnader til Herren
for augo på heile hans folk.
15Det er dyrt i Herrens augo
at hans trugne døyr.
16Å, Herre, eg er din tenar,
din tenar og son til di trælkvinne.
Du har løyst mine lekkjer.
17Eg vil bera fram takkoffer til deg
og kalla på Herrens namn.
18Eg vil halda mine lovnader til Herren
for augo på heile hans folk,
19i føregardane til Herr ens hus,
midt i deg, Jerusalem.
Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.