Forkynnaren 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Alt har si tid

1Alt har si faste tid,

alt som hender under himmelen, har si tid:

2ei tid til å fødast, ei til å døy,

ei tid til å planta, ei til å riva opp;

3ei tid til å drepa, ei til å lækja,

ei tid til å riva, ei til å byggja;

4ei tid til å gråta, ei til å le,

ei tid til å syrgja, ei til å dansa;

5ei tid til å kasta steinar, ei til å samla dei,

ei tid til å ta i famn, ei til å la det vera;

6ei tid til å leita, ei til å missa,

ei tid til å gøyma, ei til å kasta;

7ei tid til å riva sund, ei til å bøta,

ei tid til å teia, ei til å tala;

8ei tid til å elska, ei til å hata,

ei tid til krig og ei til fred.

Tid og æve

9Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

16Elles såg eg under sola:

Der retten skulle rå, var vondskap,

på rettferds stad var gudløyse.

17Då tenkte eg med meg:

Det er Gud som skal døma

både rettferdige og vonde.

Han har fastsett ei tid

for kvart tiltak og kvar gjerning. Same lagnaden for menneske og dyr

18Eg tenkte med meg om menneska:

Gud prøver dei så dei kan sjå

at dei i seg sjølve ikkje er meir enn dyr.

19Same lagnaden ventar

både menneske og dyr.

Den eine skal døy som den andre,

same livsanden har dei alle.

Menneske har ingen føremon framfor dyr.

For alt er fåfengd.

20Alle går til same staden.

Av jord er alle komne,

og til jord skal dei atter verta.

21Kven veit om menneskeånda stig opp,

medan dyreånda fer ned i jorda?

22Eg såg at det beste mannen kan gjera,

er å gleda seg i sitt arbeid;

det er den lut han har fått.

For kven lèt han sjå

det som sidan skal koma?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help