Sakarja 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Det er ute med faste og botstid

1I det fjerde styringsåret åt kong Dareios, den fjerde dagen i den niande månaden, kislev månad, kom Herrens ord til Sakarja.

2Betel sende då Sareser og Regem-Melek og mennene hans for at dei skulle be Herren om nåde

3og spørja prestane som gjorde teneste i huset åt Herren, Allhærs Gud, og profetane: «Er det så at eg skal gråta og fasta i den femte månaden, som eg har gjort i mange år?»

4Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:

5Sei til heile folket i landet og til prestane: «Når de har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i samfulle sytti år, er det då meg de har fasta for?

8Herrens ord kom til Sakarja, og det lydde så:

9Så seier Herren, Allhærs Gud.

Fell rettvise domar,

og ver gode og miskunnsame, kvar mot sin bror!

10Far ikkje hardt fram

mot enkjer og farlause, framande og armingar!

Og ingen av dykk må i sitt hjarta

tenkja ut vondt mot andre.

11Men dei ville ikkje høyra; dei gjorde nakken stiv og øyro døve, så dei skulle sleppa å høyra.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help