1Vakna, vakna,
kled deg i styrke, Sion!
Ta på deg ditt høgtidsskrud,
Jerusalem, du heilage by!
For aldri meir skal det koma inn i deg
ein uomskoren eller urein.
2Rist av deg støvet og reis deg,
set deg på trona, Jerusalem!
Løys lekkjene du har om halsen,
du hærtekne Sion-dotter!
3Så seier Herren:
For inkje vart de selde,
og utan pengar skal de løysast ut.
4For så seier Herren din Gud:
I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt
og heldt til der.
Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.
5Og no, lyder ordet frå Herren,
kva skal eg gjera her
når folket mitt er bortført utan vederlag?
Valdsherrane hyler, seier Herren,
og dagen lang vert namnet mitt spotta.
6Difor skal folket mitt
læra mitt namn å kjenna,
ja, den dagen skal dei skjøna
at det er eg som seier: «Her er eg!»
7Kor fagert det er
når han som ber gledebod,
kjem springande over fjell,
melder fred og ber god bodskap,
forkynner frelse og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8Høyr, dine vaktmenn ropar,
dei jublar alle i hop.
For med eigne augo ser dei
at Herren kjem heim att til Sion.
9Set i med jubelrop,
de aude tufter i Jerusalem!
For Herren trøystar sitt folk
og løyser ut Jerusalem.
10Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jord får sjå
frelsa frå vår Gud. Far bort frå Babylon!
11Far bort, far bort frå Babylon!
Ikkje rør noko ureint!
Dra ut or byen og reinsa dykk,
de som ber Herrens kar!
12For de treng ikkje skunda dykk,
de må ikkje røma frå byen.
For Herren sjølv går føre dykk,
og sist i flokken er Israels Gud. Herrens lidande tenar
13Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal stiga og lyftast og opphøgjast.
14Liksom mange stokk til då dei såg han
– meir skamfaren var han enn nokon mann,
han såg ikkje ut som eit menneske,
15så skal mange folkeslag undrast over han,
og kongar skal lata att sin munn.
For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,
uhøyrde ting vert dei vitne til.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.