Matteus 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Den lame mannen(Mark 2,1–12; Luk 5,17–26)

1Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by.

2Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame: «Ver frimodig, son, syndene dine er tilgjevne.»

10Ei tid etter var Jesus gjest heime hjå Matteus, og det kom mange tollarar og syndarar og sat til bords saman med Jesus og læresveinane hans.

11Farisearane såg det og sa til læresveinane: «Kvifor et meisteren dykkar i lag med tollarar og syndarar?»

12Då Jesus høyrde det, sa han: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei sjuke.

13Gå og lær kva som ligg i det ordet: Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»Spørsmålet om faste(Mark 2,18–22; Luk 5,33–39)

14Då kom læresveinane åt Johannes til han og sa: «Både vi og farisearane fastar, kvifor fastar ikkje læresveinane dine?»

16Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv bota med seg noko av plagget, og rifta vert større.

23Då Jesus kom heim til synagogeforstandaren og fekk sjå fløytespelarane og den ståkande flokken, sa han:

24«Gå ut! Jenta er ikkje død; ho søv.» Dei berre lo åt han. Apostlane og oppgåva deira(9,35–10,42)Grøda er stor(Luk 10,1–2)

35Jesus gjekk no ikring i alle byane og landsbyane. Han lærte folket i synagogene deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og vanhelse. 4,23

36Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding. 14,14; 15,32; Mark 6,34; 4 Mos 27,17; 1 Kong 22,17; Esek 34,2ff

37Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få. Joh 4,35

38Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help