2. Krønikebok 30 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Folket held atter påske på rett vis

1Så sende Hiskia bod ikring i Israel og Juda. Til Efraim og Manasse skreiv han òg brev og bad dei koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påske for Herren, Israels Gud.

6Så skunda sendeboda seg av stad med breva frå kongen og stormennene hans. Etter kongens føresegn fór dei ikring i heile Israel og Juda og sa: De israelittar, vend om til Herren, Abrahams, Isaks og Israels Gud, så han kan venda seg til den leivningen av dykk som har berga seg unna assyrarkongen og hans velde.

7Ver ikkje de liksom fedrane og brørne dykkar! Dei sveik Herren, sin fedregud, så han lét dei gå til grunne, som de sjølve ser.

8Ver no ikkje stridlyndte som fedrane dykkar! Gjev Herren handa og kom til heilagdomen hans, som han har helga for alle tider. Og ten Herren dykkar Gud, så den brennande vreiden hans må venda seg frå dykk.

9For når de vender om til Herren, skal brørne og sønene dykkar møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei får koma heim att til dette landet. For Herren dykkar Gud er nådig og miskunnsam. Han vender ikkje sitt åsyn bort frå dykk, så sant de vender om til han.

10Sendeboda skunda seg no ikring frå by til by i Efraim og Manasse og heilt til Sebulon. Men folk berre lo åt dei og spotta dei. 36,16

11Det var berre nokre få i Asjer, Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem.

12I Juda òg var Guds hand verksam, og han gav folket ein og same hug, så dei gjorde det som kongen og stormennene etter Herrens ord hadde sagt.

13Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd.

14Fyrst fekk dei bort dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.

15Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle. Dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.

16Dei stelte seg på den staden dei skal ha etter det som er føreskrive i lova av Moses, gudsmannen. Og prestane skvette blodet som levittane gav dei.

17Det var mange i lyden som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, så dei kunne helga dei åt Herren.

18For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Dei åt påskelammet utan å bry seg om det som var føreskrive. Men Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god; han vil nok tilgje

19kvar den som av heile sitt hjarta søkjer Herren Gud, sin fedregud, endå om han ikkje er rein så som det krevst i heilagdomen.»

20Og Herren høyrde bøna til Hiskia og sparte folket.

21Såleis høgtida dei israelittane som var i Jerusalem, usyrdebrødshelga i sju dagar, og dei gjorde det med stor glede. Og levittane og prestane lova og prisa Herren dag etter dag til tonane frå sterke instrument.

22Hiskia tala venleg til alle dei levittane som hadde synt dugleik i Herrens teneste. I sju samfulle dagar heldt dei høgtid. Dei slakta måltidsoffer og lova Herren, sin fedregud.

23Men så samdest heile lyden om å halda høgtid endå i sju dagar, og dei heldt høgtid og var glade i sju dagar til.

24Hiskia, kongen i Juda, gav lyden tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav dei tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg.

25Så var dei glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel, og innflyttarane, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda.

26Gleda var stor i Jerusalem; for noko slikt hadde ikkje hendt dei sidan den tid Salomo, son til David, var konge i Israel.

27Og prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help