1Lova har berre ein skugge av dei gode ting som skulle koma, ikkje tinga sjølve som dei verkeleg er. År etter år vert det bore fram offer som støtt er dei same, men med dei kan ikkje lova gjera dei som ofrar, fullkomne.
5Difor seier Kristus når han stig inn i verda:
Slaktoffer og gåve ville du ikkje ha,
men ein lekam laga du til meg;
6brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.
7Då sa eg: Sjå, her kjem eg
og vil gjera din vilje, Gud.
I bokrullen er det skrive om meg.
8Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova.
9Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre.
10På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.
11Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder.
15Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:
16Såleis er den pakta eg vil gjera
med dei i dagar som kjem.
Og så seier han:
Eg vil leggja mine bod i hjarto deira
og skriva dei i hugen deira.
17Og syndene og misgjerningane deira
vil eg aldri meir koma i hug.
18Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
Frimod og vedkjenning i kyrkjelyden19Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen.
23Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.
26Syndar vi med vitende og vilje etter at vi har lært sanninga å kjenna, då finst det ikkje lenger noko offer for synder.
32Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med.
35Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn.
36De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova.
37For enno er det berre ei lita stund,
så kjem han som koma skal,
og han skal ikkje drya.
38Min rettferdige skal leva ved tru;
men dreg han seg unna,
har eg ikkje hugnad i han.
39Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.