1Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»
2I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen.
4I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet.
7Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg.
8Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:
Heilag, heilag, heilag
er Herren Gud, Den Allmektige,
han som var og som er og som kjem.
9Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve,
10fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:
11Verdig er du, vår Herre og Gud,
til å få all pris og ære og makt.
For du har skapt alle ting;
du ville det, og dei vart til, skapte av deg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.