4. Mosebok 22 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kongen i Moab sender bod til Bileam

1Israelittane heldt fram på ferda og slo leir på slettene i Moab, på hi sida av Jordan, midt for Jeriko.

2Då Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane,

3vart redsla stor mellom moabittane for dette folket som var så talrikt. Dei grua seg for å møta israelittane.

4Moabittane sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne store hopen til å eta opp alt ikring oss, liksom oksane når dei gneg bøen snau.»

På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab.

5Han sende bod til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der han hadde frendane sine. Dei skulle be han koma og seia: «Sjå, eit folk har fare ut frå Egypt. Dei er så mange at dei fyller heile landet og har slege seg ned beint framfor meg.

37Balak sa til Bileam: «Kvifor kom du ikkje då eg sende bod etter deg? Trur du ikkje eg kan visa deg ære?»

38Bileam svara: «Når eg no er komen til deg, kan eg då tala fritt? Dei orda som Gud legg meg i munnen, må eg tala.»

39Så fylgde Bileam med kong Balak, og dei kom til Kirjat-Husot.

40Der slakta Balak storfe og småfe og sende til Bileam og dei hovdingane som var med han.

41Morgonen etter tok kongen Bileam med seg og førte han opp på Ba'al-haugen. Derifrå kunne han sjå utkanten av Israels-leiren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help