1Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet fred i ti år.
7Asa sa til folket i Juda: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar ikring dei, med tårn og portar og bommar. Enno rår vi fritt over landet, fordi vi har søkt Herren vår Gud. Vi har søkt han, og han har late oss få ro på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt.
8Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Dei var alle djerve stridsmenn.
9Ein gong drog Serah frå Nubia ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja,
10drog Asa ut mot han. Dei fylka seg til strid i dalen nord for Maresja.
11Då ropa Asa til Herren sin Gud og sa: «Herre, for deg kjem det ut på eitt om den du vil hjelpa, er mektig eller maktlaus. Hjelp oss, Herre, vår Gud! For det er deg vi set vår lit til, og i ditt namn har vi gått mot denne store hopen. Herre, du er vår Gud. Syn at ikkje eit menneske kan stå seg mot deg!»
12Då laga Herren det så at nubiarane tapte for Asa og judearane og laut røma.
13Asa og folket som var med han, forfylgde dei heilt til Gerar, og nubiarane fall til siste mann. Dei vart knuste der Herren og hans hær fór fram, og judearane tok med seg eit uhorveleg hærfang.
14Dei tok alle byane kring Gerar; for ei redsle frå Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane; for der var det mykje å ta. 17,10
15Dei slo òg i hel nokre menn som dreiv med feal, og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så fór dei heim att til Jerusalem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.