1Då svara Herren Job or stormen:
2Spenn beltet om livet som ein mann!
Så vil eg spørja deg,
og du skal svara meg.
3Vil du dra mi rettferd i tvil,
leggja skulda på meg, så du får rett?
4Har du så sterk ein arm som Gud,
ljomar røysta di som hans?
5Så pryd deg med høgd og herlegdom,
kled deg med stordom og velde!
6Lat berre vreiden rasa,
slå alle hovmodige ned med ditt blikk!
7Ja, sjå på dei stolte og bøy dei i kne,
trø dei gudlause ned på flekken!
8Gøym dei i jorda, alle i hop,
og steng dei inne i mørkret!
9Då skal eg òg prisa deg
for sigeren du vann med di høgre hand. Dei sterkaste dyra som Gud har skapt
10Sjå elvehesten!
Eg har skapt både han og deg.
Han et gras som ein okse.
11Sjå for ei kraft han har i hoftene
og for ein styrke i bukmusklane!
12Han strekkjer ut halen, stiv som ein seder,
og lårsenene er fletta fast.
13Knokar har han som koparrøyrer
og ei beingrind som jernstenger.
14Han er det fremste av Guds verk,
skaparen gav han så kvast eit sverd.
15Fjella gjev han sine gåver,
alle slag villdyr som leikar der.
16Han kviler under lotusplanter,
i livd av sev og sump.
17Lotusen gjev tak og skugge,
og piletrea attmed elva
står som eit vern om han.
18Han rømer ikkje om straumen er strid;
om Jordan fossar mot hans gap, er han trygg.
19Kven torer gripa han i augo
og dra ei snor gjennom nasen hans?
20Kan du dra krokodillen opp med krok
og halda tunga hans nede med snøre?
21Kan du få sett eit sevreip i nasen hans
og stikka ein krok gjennom kjaken?
22Vil han då be deg audmjukt om nåde
eller tala blidt til deg?
23Trur du han gjer ein avtale med deg,
så du kan ta han til træl for alltid?
24Kan du leika med han som med ein fugl
og fanga han til småjentene dine?
25Kan eit lag av fiskarar selja han
og stykkja han ut mellom kjøpmenn?
26Kan du spekka hans hud med spyd,
hans hovud med harpunar?
27Prøv berre å leggja hand på han!
Det vart ein strid som du kom til å minnast;
den tok du ikkje ein gong til!
28Det du vona, slo ikkje til,
du låg der berre du såg han!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.