1Sjå, Herren gjer jorda aud og snau,
endevender heile hennar flate
og spreier dei som bur der.
2Då går det presten som folket,
herren som trælen hans
og husfrua som trælkvinna hennar.
Det går seljaren som kjøparen,
lånaren som den han har lånt av,
og långjevaren som skuldmannen hans.
3Aud, ja aud skal jorda verta,
herjast og plyndrast skal ho;
for dette ordet har Herren tala.
4Jorda sturer og visnar,
jorderiket tærest og turkar,
både himmel og jord sjuknar bort.
5Jorda er vanhelga
av dei som bur der.
For dei har sett seg ut over lover,
levt i strid med føresegner
og brote den evige pakt.
6Difor skal forbanning
gjera ende på jorda,
og dei som bur der,
må bøta for si skuld.
Difor minkar folket på jord,
og få er dei som vert att.
Den store byen fell7Vinen turkar bort, vintreet visnar,
og alle som var glade, sukkar.
8Det er slutt på den lystige trommeklang,
slutt på ståk og jubelrop;
dei glade tonar frå lyra har stilna.
9Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir,
beisk er den sterke drikken.
10Den aude byen ligg knust,
kvart hus er stengt, så ingen slepp inn.
11På gatene jamrar dei
av di dei ikkje får vin,
all jubel er borte,
gleda er lyst frå landet.
12Berre uhyggje er att i byen,
og porten ligg krasa.
13For mellom folka på jord
skal det gå på same vis
som når ein slår ned oliven
eller sankar druer som heng att
når vinhausten er til ende.
14Men somme lyfter si røyst
og jublar over Herrens velde.
Dei ropar av glede i vest:
15«Gjev Herren ære,
de som bur i Austerland!
Pris namnet åt Herren, Israels Gud,
de som bur på øyar og strender!»
16Frå heimsens ende høyrer vi songar:
Ære vere Den Rettferdige!
Den siste trengslaMen eg må seia:
Eg går til grunne!
Ve meg, eg går til grunne!
Ransmenn ranar,
ja, ransmenn ranar og herjar.
17Det vert gru og grav og garn
for deg som bur på jorda.
18Den som rømer for det grufulle ståket,
skal falla i grava,
og den som kjem seg opp or grava,
skal fangast i garnet.
For lukene i det høge er opna,
og grunnvollane under jorda skjelv.
19Jorda brest og knest,
jorda ragar og svagar,
jorda skjek og skjelv.
20Jorda ragar som ein drukken mann
og svagar som vaktmannens skur.
Tungt ligg synda på henne,
ho fell og reiser seg ikkje meir.
21Den dagen skal Herren straffa
himmelhæren i det høge
og kongane nede på jorda.
22Dei skal samlast som fangar i hola,
stengjast inne i fengsel
og langt om lenge få si straff.
23Då skal månen blygjast og sola skjemmast;
for Herren, Allhærs Gud, er konge
på Sion-fjellet og i Jerusalem,
og syner sin herlegdom for sine eldste.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.