Salmane 75 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Det er Gud som dømer

1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»

Ein Asaf-salme. Ein song.

2Gud, vi prisar og takkar deg.

Ditt namn er nær hjå dei

som fortel om dine under.

3«På den tid eg har fastsett,

skal eg halda rettferdig dom.

4Jorda og alle som bur der, kan rikkast,

men eg har gjort hennar søyler faste.» Sela

5Eg sa til dårane: «Ver ikkje dumme!»

og til dei gudlause: «Ver ikkje stolte!

6Briska dykk ikkje av dykkar makt,

gjer ikkje nakken bratt og talen frekk!»

7For det kjem inga oppreising frå aust eller vest

og heller ikkje frå øydemarka.

8Nei, det er Gud som dømer.

Éin bøyer han ned, og éin reiser han opp.

9Herren har eit staup i si hand

med skummande, krydda vin.

Han skjenkjer i av vinen,

og alle vonde på jorda må drikka,

jamvel botnfallet må dei tøma.

10Men eg vil alltid fortelja om dette

og spela og syngja for Jakobs Gud.

11«Eg tek makta frå alle dei gudlause,

men dei rettferdige skal få stor kraft.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help