Ordtaka 14 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Visdoms og dårskaps veg

1Kvinnevisdom byggjer huset,

men dårskap riv det ned med hendene.

2Den som ferdast rett, har age for Herren,

den som går krokvegar, vanvørder han.

3Dårens munn vert eit ris for hans hovmod,

men for vismenn er lippene eit vern.

4Utan oksar er krubba tom,

med sterke stutar fylgjer stor avling.

5Eit ærleg vitne lyg ikkje,

men falske vitne fer med lygn.

6Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje;

for den som er klok, er det lett å få kunnskap.

7Hald deg borte frå dumme menn,

du finn ikkje vit på lippene deira.

8Det er klok manns visdom at han kjenner sin veg,

og dårars dårskap at dei narrar seg sjølve.

9Dårane spottar skuldofferet,

men velvilje rår mellom ærlege folk.

10Hjarta kjenner si eiga sorg,

og ingen annan er med det i gleda.

11Gudlause folk får sitt hus lagt i øyde,

men ærlege folk ser teltet sitt bløma.

12Om mannen meiner at vegen er rett,

kan han likevel enda i døden.

13Jamvel når ein ler, kan hjarta lida,

og gleda endar ofte med sorg.

14Den fråfalne får att for si ferd,

og ein god mann held seg borte frå han.

15Ein godtruen mann trur alt som vert sagt,

den kloke gjev akt på sine steg.

16Den vise ottast og skyr det vonde,

dåren går på og kjenner seg trygg.

17Den som er bråsint, gjer dumme ting,

den som tenkjer seg om, vert mislikt.

18Det dei godtrune får, er dårskap,

men dei kloke vert krona med kunnskap.

19Dei vonde må bøya seg for dei gode,

dei gudlause står ved dørene åt dei rettferdige.

20Jamvel av vener vert den fattige hata,

men mange er dei som elskar den rike.

21Synd gjer den som vanvørder sin neste,

sæl er den som har medynk med armingar.

22Dei som tenkjer ut vondt, fer vilt,

dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.

23Alt strev fører vinning med seg,

men tomt snakk gjev berre tap.

24Dei vise vert krona med rikdom,

dårars dårskap er alltid dårskap.

25Eit ærleg vitne bergar liv,

men ein svikar er den som fer med lygn.

26Den som ottast Herren, har eit trygt vern,

og for hans born er det livd.

27Age for Herren er ei kjelde til liv,

ei hjelp som bergar frå dødens snarer.

28Mykje folk er ei ære for kongen,

men for lite folk gjer at fyrsten fell.

29Visleg mann har godt skjøn,

bråsinne er den største dårskap.

30Ro i hugen gjev kroppen liv,

lidenskap er som rotenskap i bein.

31Den som er hard med ein arming,

spottar hans skapar,

den som er mild mot dei fattige, ærar Gud.

32Den gudlause fell for sin eigen vondskap,

i sin ærlegdom finn den rettferdige livd.

33I klok manns hjarta finn visdomen ro,

men hjå dårar gjev han seg til kjenne.

34Rettferd lyfter eit folk,

men synd er ei skam for folka.

35Kongen likar den kloke tenar,

men harmast på den som skjemmer seg ut.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help