1Og han la til: «Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå at Guds rike har kome med kraft.»Læresveinane får sjå Jesu herlegdom(Matt 17,1–13; Luk 9,28–36)
2Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira, Hjelp meg i mi vantru!(Matt 17,14–21; Luk 9,37–43)
14Då dei kom attende til dei andre læresveinane, såg dei ein stor folkehop samla ikring dei og nokre skriftlærde som var i ordskifte med dei.
15Med det same folket fekk auga på Jesus, stokk dei til, og dei sprang imot han og helsa.
16«Kva er det de er usamde om?» spurde han.
17Ein i flokken svara: «Meister, eg er komen til deg med son min; han har ei mållaus ånd i seg.
18Når ho tek tak i han, kastar ho han over ende, skummet står or munnen, og han skjer tenner og vert stiv. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei makta det ikkje.»
19Då sa Jesus til dei: «Du vantruande ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit til meg med han!»
20Dei leidde guten bort til han, og med det same ånda fekk sjå Jesus, reiv og sleit ho i guten så han fall til jorda og velte seg og togg skum.
21«Kor lenge har han hatt det så?» spurde Jesus. «Sidan han var liten,» svara faren.
22«Ofte har ånda kasta han både i eld og vatn for å gjera ende på han. Men kan du gjera noko, så ha medynk med oss og hjelp oss!»
23«Om eg kan?» svara Jesus. «Alt er mogeleg for den som trur.» Jesus talar atter om at han skal døy og stå opp att(Matt 17,22–23; Luk 9,44–45)
30Dei tok ut derifrå og la vegen gjennom Galilea. Han ville ikkje at nokon skulle vita om det,
31for han heldt på å læra læresveinane sine. Då sa han til dei: «Menneskesonen skal gjevast i hendene på menneske; dei skal slå han i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.» For eller imot(Luk 9,49–50)
38Johannes sa til han: «Meister, vi såg at ein mann som ikkje er i lag med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn. Vi freista å hindra han sidan han ikkje var i lag med oss.»
39Men Jesus sa: «Hindra han ikkje! For den som gjer ei mektig gjerning i mitt namn, kan ikkje så snart tala vondt om meg. Stå fast i freisting!(Matt 18,6–10; Luk 17,1–2)
41Den som gjev dykk eit glas vatn å drikka fordi de høyrer Kristus til – sanneleg, det seier eg dykk: Han skal ikkje missa si løn.
45Og om foten din lokkar deg til synd, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har to føter og vert kasta i helvete,
46der makken deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar.
47Og om auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete,
50Salt er ein god ting. Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Ha salt i dykk sjølve, og hald fred med kvarandre!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.