1. Kongebok 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

David døyr

1Då det leid til den tid at David skulle døy, sa han til Salomo, son sin:

2No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Men ver du sterk, og vis at du er ein mann!

23Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!

24Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!» Joab døyr

28Då Joab fekk høyra kva som hadde hendt, rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. For han hadde halde med Adonja, endå han ikkje hadde halde med Absalom.

34Så gjekk Benaja Jojadason opp og gav Joab banehogg, og han vart gravlagd i heimen sin ute på landet.

35Kongen sette Benaja Jojadason til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.Sjimi døyr

36Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort, korkje til den eine eller andre staden.

37Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, då skal du døy. Og sjølv har du skulda for at du vert drepen.»

38Sjimi svara: «Ja vel, tenaren din skal gjera som du seier, herre konge.» Sidan budde Sjimi lenge i Jerusalem.

39Men då tre år var lidne, hende det at to av trælane hans rømde til Akisj Ma'akason, kongen i Gat. Då Sjimi fekk vita at trælane var i Gat, 1 Sam 27,2

40gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han ville fara til Akisj i Gat og leita etter trælane sine. Sjimi fór av stad og henta trælane i Gat.

41Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen heim att.

42Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita at den dagen du tek ut frå byen og fer til den eine eller andre staden, då skal du døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier.

43Kvifor har du då ikkje halde den eiden du svor ved Herren, og det påbodet eg gav deg?»

44Og kongen heldt fram: «Du veit sjølv kor mykje vondt du har gjort David, far min. No lèt Herren vondskapen din koma over deg sjølv. 2 Sam 16,5

45Men kong Salomo skal vera velsigna, og Davids kongsstol skal i alle tider stå trygt for Herrens åsyn.»

46Så baud kongen Benaja Jojadason gå ut og hogga han ned. Såleis døydde Sjimi.

Sidan hadde Salomo kongedømet trygt i si hand.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help