Jesaja 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur. Fredsfyrsten

2Det folket som ferdast i mørkret,

skal sjå eit stort ljos;

over dei som bur i skuggelandet,

skal ljoset stråla.

3Du lèt dei fegnast,

gjer gleda stor.

Dei gleder seg for ditt åsyn

som ein gleder seg i kornskurden,

som ein jublar når hærfang vert utskift.

4For det tunge åket,

stonga over nakken deira

og staven åt drivaren deira,

har du brote sund som på Midjans dag.

5Ja, kvar støvel som trampa i stridsgny,

og kvar kappe dregen i blod,

skal brennast og verta til føde for elden.

6For eit barn er oss født,

ein son er oss gjeven.

Herreveldet kviler på hans aksler,

og han skal kallast:

Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,

Evig Far, Fredsfyrste.

7Så skal herredømet verta stort

og freden utan ende

over Davids kongsstol

og over riket hans.

Han skal grunnfesta det og halda det oppe

med rett og rettferd

frå no og til evig tid.

I sin brennhug

skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette. Gud retter ut si hand til straff

8Eit ord har Herren sendt mot Jakob,

det har slege ned i Israel.

9Dei har fått merka det, heile folket,

dei som bur i Efraim og Samaria.

Men stolte og hovmodige sa dei:

10«Teglsteinsmurar har rasa saman,

vi byggjer opp att med tilhoggen stein.

Morbærtre er felte,

vi plantar sedertre i staden.»

11Då lét Herren Resin,

deira fiende, reisa seg mot dei,

og han eggja deira motstandarar.

12Aramearane kom frå aust og filistarane frå vest

og slukte Israel med vidope gap.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

13Men folket vende ikkje om

til han som slo det,

dei søkte ikkje Herren, Allhærs Gud.

14Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,

palmegrein og sev på ein einaste dag.

15Dei eldste og stormennene er hovudet,

profetane som lærer lygn, er halen.

16Dei som førte dette folket, førte vilt,

og dei som lét seg leia, fór vilt.

17Difor sparte ikkje Herren unggutane deira

og hadde ikkje medynk med farlause og enkjer;

for alle var gudlause og gjorde vondt,

kvar einaste munn tala dårskap.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

18Ja, gudløysa brenn som eld

og øyder torn og tistel;

ho set tjukke skogen i brann,

og røyken stig høgt til vers.

19Landet er sett i brann

fordi Herren, Allhærs Gud, er harm,

og folket vert til føde for elden.

Det er ingen som sparer sin bror.

20Dei bit til høgre og er likevel svoltne,

dei glefser til venstre og vert ikkje mette.

Kvar og ein et sin neste,

21Manasse et Efraim og Efraim Manasse,

og saman kastar dei seg over Juda.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help