Amos 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ve dei som sit trygge på Sion!

1Ve dei som sit trygge på Sion

og utan sut på Samarias fjell,

dei gjævaste i det fremste folket,

dei som Israels-ætta vender seg til.

2Far over til Kalne og sjå,

gå derifrå til Hamat, den store byen,

og far ned til Gat i Filistarland!

Er de betre enn desse rika,

har de eit større land enn dei,

3de som jagar ulukkedagen frå dykk

og kallar fram eit valdsherredøme?

4Dei ligg på elfenbeinsbenker

og strekkjer seg på divanar,

dei et lam or saueflokken

og gjøkalvar or buskapen.

5Dei syng allslags tull til harpelåt,

og finn opp instrument liksom David.

6Dei drikk vin or offerskåler

og salvar seg med den beste olje,

men syrgjer ikkje over Josefs skade.

7Difor skal dei no førast bort,

fremst i fangeflokken;

då vert det slutt på skrålet

frå dei som ligg og dreg seg.

Gud straffar Samaria

8Herren Gud har svore ved seg sjølv,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud:

Eg styggjest ved Jakobs byrgskap

og hatar slotta der;

eg gjev opp byen og alt som i han er.

9Om ti menn vert att i eitt og same huset, skal dei òg døy.

10Og ein mann som skal brenna den døde frenden sin, tek han og ber beina ut or huset. Han seier til den som er inst i huset: «Er det nokon att hjå deg?» Den andre svarar: «Nei, ingen.» Så seier han: «Hysj! Herrens namn må ikkje nemnast.»

11For sjå, Herren byd, og han slår det store huset i knas, og det vesle huset så det rivnar.

Gud vil reisa eit folk mot Israel

12Spring vel hestar oppetter bratte fjellet,

pløyer ein havet med oksar?

Men de gjer retten om til gift

og rettferds frukt til malurt.

13De gleder dykk over Lo-Debar og seier:

«Var det ikkje med eiga kraft

vi tok Karnajim?»

14Sjå, no reiser eg eit folk

mot deg, du Israels ætt,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Dei skal trælka dykk

frå Lebo-Hamat til Araba-bekken.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help