Job 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gud har rørt meg med si hand

1Då tok Job til ords og sa:

2Kor lenge vil de plaga meg

og knusa meg med ord?

3Det er tiande gongen de spottar meg

og går laus på meg utan skam.

4Har eg i røynda fare vilt,

så er det mi eiga sak.

5Er de verkeleg større enn eg,

så syn meg at skamma er mi!

6De må då skjøna at Gud gjer meg urett

når han spenner sitt garn ikring meg.

7Eg ropar: «Vald!» men får ikkje svar,

eg skrik om hjelp, men det finst ingen rett.

8Han har stengt vegen, eg kjem ikkje fram,

han har lagt mine stigar i mørker.

9Han har teke mi ære frå meg

og rive kransen av mitt hovud.

10Han har brote meg ned på alle kantar,

eg må gå min veg;

mi von har han rykt opp som eit tre.

11Han lèt sin vreide loga mot meg,

han held meg for sin motstandar.

12I fylking kom hans hærflokkar mot meg,

dei brøytte seg veg og slo leir kring mitt telt.

13Mine brør held seg unna,

mine kjenningar har vendt seg frå meg.

14Dei som stod meg nær, er borte,

dei som kjenner meg, har gløymt meg.

15Huslyd og tenestjenter

held meg for ein framand,

eg har vorte som ein utlending for dei.

16Når eg ropar på tenaren, svarar han ikkje;

eg må be han audmjukt om hjelp.

17Min ande byd mi kone imot,

mine brør synest at eg luktar vondt.

18Jamvel gutungar vanvørder meg

og snur ryggen til når eg reiser meg.

19Alle mine beste vener

styggjest ved meg,

og dei som eg elska,

vender seg mot meg.

20No er eg berre skinn og bein,

einast tannkjøtet er uskadt.

21Ver milde og miskunnsame, vener,

Gud har rørt meg med si hand.

22Kvifor jagar de meg så som Gud,

får de ikkje nok av mitt kjøt?

23Gjev mine ord vart skrivne,

vart teikna opp i ei innskrift,

24ja, rita i fjellet for alltid

med jerngriffel og bly!

25Men eg veit at min utløysar lever,

og som den siste skal han stå fram på molda.

26Når det ikkje er noko att av mi hud

og mitt kjøt er borttært,

då skal eg skoda Gud.

27Med eigne augo skal eg sjå han,

eg sjølv og ikkje ein framand.

Å, eg tærest bort av lengsle!

28Når de seier: «Vi vil jaga han,

rota til ulukka finst hjå han,»

29då må de reddast for sverdet;

det er straffa for slike synder.

Då skal de sanna at det finst ein domar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help