1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»
Ein miktam av David.
2Talar de verkeleg rett,
de mektige menn?
Dømer de menneska rettferdig?
3Nei, med vilje gjer de urett på jorda,
med hendene banar de veg for vald.
4Dei gudlause har vendt seg bort frå Gud,
heilt frå si fødestund;
lygnarane har fare vilt
sidan dei kom frå mors liv.
5Dei har gift i seg liksom ormen,
dei er døve som ein orm når han lèt att øyra
6og ikkje vil høyra på ormetemjaren,
eller på den som kan kunsten å mana.
7Gud, slå tennene ut or deira munn,
bryt tanngarden sund på løvene, Herre!
8Lat dei kverva som rennande vatn!
Lat dei berre spenna bogen
– pilene er utan kraft.
9Lat dei verta lik snigelen
som løysest opp i slim der han kryp,
lik det ufullborne foster
som aldri såg sola.
10Enno før grytene deira
kjenner varmen frå klungerriset,
føykjest dei bort,
anten kjøtet er rått eller kokt.
11Men den rettferdige skal gleda seg
når han ser at han får hemn.
Han skal vaska sine føter
i blodet av dei gudlause.
12Då skal menneska seia:
«Ja, den rettferdige får si løn.
Det er Gud som dømer på jorda.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.