1Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande.
2Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt.
3For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn. Gud vel ut folket sitt
6Med dette vil eg ikkje ha sagt at Guds ord har vorte om inkje. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,
14Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!
Dei som ikkje er mitt folk,
vil eg kalla mitt folk,
og henne som eg ikkje elska,
vil eg kalla den som eg elskar.
26Og på den staden der det vart sagt til dei:
De er ikkje mitt folk,
der skal dei kallast
borna åt den levande Gud.
27Og Jesaja ropar ut over Israel:
Om Israel var så talrikt som havsens sand,
skal berre ein rest verta frelst.
28Det Herren har sagt, skal han gjera på jorda;
han avgrensar, men fullfører det.
29Og som Jesaja før har sagt:
Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,
late ei ætt vera att åt oss,
då var vi som Sodoma,
då likna vi Gomorra.
Israel og evangeliet30Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje streva etter rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru.
Sjå, eg legg på Sion ein støytestein
og eit berg til fall.
Men den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.