1Ein Davids-salme.
Herre, høyr mi bøn,
vend øyra til mi inderlege bøn!
Svar meg, du som er trufast og rettferdig!
2Stemn ikkje meg, din tenar, for retten!
For ingen som lever, er rettferdig for deg.
3Fienden forfylgjer meg,
slår meg til jorda og knuser meg.
Han lèt meg sitja i stummande mørker,
lik dei som døydde for lenge sidan.
4Mi ånd er utan kraft,
mitt hjarta stivnar i brystet.
5Eg kjem gamle dagar i hug,
eg tenkjer på alle dine gjerningar
og grundar på det verk du har gjort.
6Eg retter ut mine hender til deg,
eg lengtar etter deg
som jorda tyrstar etter vatn.
7Skund deg og svar meg, Herre,
elles går mi ånd til grunne.
Løyn ikkje ditt andlet for meg,
elles vert eg lik dei som har gått i grav.
8Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,
for eg set mi lit til deg!
Lær meg den veg eg skal gå,
for eg lyfter mi sjel til deg.
9Fri meg frå mine fiendar, Herre!
Hjå deg søkjer eg livd.
10Lær meg å gjera din vilje,
for du er min Gud!
Lat din gode Ande leia meg
på jamne stigar!
11Hald meg i live, Herre,
til ære for ditt namn!
Før meg i di rettferd
ut or trengsla!
12Ryd ut mine fiendar,
du som er trufast;
gjer ende på alle mine motstandarar!
For eg er din tenar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.