Daniel 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Daniel får eit syn ved Tigris

1I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.

2På den tid hadde eg, Daniel, syrgt i tre veker.

3Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje i min munn, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var lidne.

4Den 24. dagen i den fyrste månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris.

5Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet.

12Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen.

14No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»

15Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus.

16Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte.

20Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help