1Så tok Israel ut med alt det han hadde. Då han kom til Be'er-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans.
2Då tala Gud til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og Israel svara: «Ja, her er eg.»
5Så tok Jakob ut frå Be'er-Sjeba. Israels-sønene sette faren og borna og konene sine opp i dei vognene farao hadde sendt til å henta han i.
6Dei tok med seg buskapen sin og godset dei hadde samla i Kanaan. Og så kom dei til Egypt, Jakob og heile hans ætt med han.
7Sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene, heile si ætt, hadde han med seg til Egypt.
8Dette er namna på israelittane, Jakob og etterkomarane hans, som kom til Egypt: Ruben, eldste son til Jakob,
28Jakob sende Juda føre seg til Josef; han skulle visa veg til Gosen. Då dei kom dit,
29lét Josef setja føre vogna si og fór til Gosen, til møtes med Israel, far sin. Med det same han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han. Han gret lenge, med armane kring halsen hans.
30Då sa Israel til Josef: «No vil eg gjerne døy, sidan eg har sett deg i andletet og veit at du enno er i live.»
31Josef sa til brørne sine og til farsfolket sitt: No fer eg til farao og fortel han dette. Eg vil seia til han: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kanaan, har kome hit til meg.
32Desse mennene er gjætarar, dei har alltid drive med feal. Og no har dei teke med seg småfeet og storfeet sitt og alt det dei eig.
33Når så farao kallar dykk til seg og spør: «Kva har de til leveveg?»
34skal de svara: «Tenarane dine har drive med feal frå ungdomen og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen. For alle gjætarar er ein styggedom for egyptarane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.