1Lat opp dine dører, Libanon,
så eld kan øyda dine sedertre!
2Set i med klagerop, sypress,
fordi sederen er fallen,
dei veldige trea øydelagde.
Set i med klagerop,
de mektige tre i Basan,
fordi den tette skogen er felt.
3Høyr kor gjætarane klagar
fordi deira herlege beite er herja!
Høyr kor dei unge løvene brøler
fordi den fine Jordan-skogen er øydelagd! Den gode og den duglause hyrdingen
4Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!»
5Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.
6«For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»
7Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –
8Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.
Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg.
9Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.»
10Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.
ikkje ser etter dei som går seg bort,
ikkje leitar etter dei som går seg vilt,
ikkje lækjer dei som er skadde,
ikkje syter for mat til dei friske,
men et kjøtet av dei feite dyra
og riv klauvene av dei.»
17Ve den duglause hyrdingen min,
som går bort frå sauene!
Sverd mot armen og høgre auga hans!
Armen hans skal visna bort,
og det høgre auga sløkkjast ut.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.