Esekiel 46 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kva fyrsten skal gjera i templet

1Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagen skal han vera open, og like eins på nymånedagen.

2Då skal fyrsten, når han kjem utanfrå, gå inn gjennom forhalla i porten og stå attmed ein av dørstolpane der, medan prestane ber fram brennoffer og måltidsoffer for han. Han skal bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Men porten skal ikkje stengjast før om kvelden.

3Folket i landet skal bøya seg og tilbe Herren ved inngangen til porten, både på sabbatsdagane og nymånedagane.

4Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lam og ein lytelaus ver.

5Og som grødeoffer skal han saman med veren gje ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

6På nymånedagen skal han ofra ein lytelaus okse av storfeet, seks lam og ein ver som er utan lyte.

7Som grødeoffer skal han saman med oksen gje ein efa, saman med veren ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

8Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.

18Fyrsten må ikkje ta odelsjord frå folket, så han driv dei bort frå eigedomen deira. Av det han sjølv eig, skal han gje sønene arv. Folket mitt skal ikkje drivast bort frå eigedomen sin.Der tempeltenarane kokar slaktoffera

19Så førte han meg gjennom inngangen attmed porten, til dei roma i heilagdomen som er for prestane, og som ligg på nordsida. Og sjå, der var det eit rom lengst mot vest.

20Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka brød av grødeofferet. Dei skal ikkje bera det ut i den ytre føregarden, for då kunne dei gjera folket heilagt.»

21Sidan tok han meg med til den ytre føregarden og førte meg ikring til dei fire hjørna av føregarden. Og i kvart hjørne såg eg ein mindre gard.

22I alle fire hjørna var det slike små gardar, og alle fire var like store. Dei var førti alner lange og tretti alner breie.

23Det var ein steinmur rundt kvar av dei, og rundt ikring nedmed foten av murane var det bygt eldstader.

24Han sa til meg: «Dette er dei stadene der tempeltenarane kokar slaktoffera for folket.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help