1Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.
16Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:
«Kva del har vi i David?
Vi har ingen lut i Isai-sonen.
Heim til telta dine, Israel!
Syt no, David, for ditt eige hus!»
Så fór israelittane heim att.
17Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.
18Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem. Jeroboam vert konge over dei ti ættene
20Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.
21Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo.
26Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta.
27Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.»
28Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.» Domsord mot altaret i Betel
32Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel.
33Offeret bar han fram på det altaret han hadde bygt i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret og ville ofra der.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.