2. Krønikebok 34 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kong Josjia reinsar gudsdyrkinga

1Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.

23og ho sa til dei:

Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:

24Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alle dei forbanningane som er skrivne i den boka dei har lese opp for Juda-kongen.

25For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.

26Men til Juda-kongen som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.

27Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Gud då du høyrde kva han tala mot denne staden og mot dei som bur her. Fordi du bøygde deg for meg og reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren.

28Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden og dei som bur her.

Med dette svaret kom dei heim att til kongen.

29Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help