1Den fyrste dagen i den andre månaden året etter at israelittane hadde fare frå Egypt, medan dei var i Sinai-øydemarka, tala Herren til Moses i møteteltet. Han sa:
2Hald manntal over heile Israels-folket, kvar ætt og kvar ættgrein for seg, og skriv opp namna på alle menn, eitt for eitt.
47Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre ættene.
48For Herren sa til Moses:
49Berre Leviætta skal du ikkje mønstra. Dei skal du ikkje ta med i manntalet saman med dei andre israelittane.
50Men set levittane til å ha tilsyn med lovteltet, med alle tinga der og alt som elles høyrer til. Dei skal bera teltet og all bunaden som er i det. Dei skal gjera teneste i teltet og liggja i leir kring det.
51Når teltet skal flyttast, skal levittane ta det ned. Og når det skal reisast, skal levittane setja det opp. Kjem nokon annan nær det, må han døy. 3,10.38; 18,7
52Israelittane skal halda seg i kvar sin leir, under kvar si fane og i kvar sin flokk. 2,2f
53Men levittane skal liggja i leir kring lovteltet, så Guds vreide ikkje skal koma over Israels-folket. Og levittane skal ta seg av tenesta i lovteltet.
54Israelittane gjorde alt dette så som Herren hadde sagt Moses føre.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.