Salmane 128 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Guds velsigning i heimen

1Ein song til festferdene.

Sæl er kvar den som ottast Herren

og ferdast på hans vegar.

2Du får nyta frukta av ditt strev.

Sæl er du, det skal gå deg vel.

3Kona di er som eit grøderikt vintre

der inne i ditt hus,

og dine søner kring ditt bord

er som unge oliventre.

4Ja, såleis vert han velsigna,

den mann som ottast Herren.

5Herren velsigne deg frå Sion,

så du får sjå Jerusalems lukke

alle dine levedagar,

6og får sjå born av dine born.

Fred vere over Israel!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help