1Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med vanleg skrift: Brått hærfang, snøgt rov.»
4For før guten kan seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og hærfanget frå Samaria berast fram for assyrarkongen.»Siloa eller Storelva
5Herren tala atter til meg og sa:
6Fordi dette folket vanvørder
Siloa-vatnet, som renn så stilt,
og misser motet for Resin og Remalja-sonen,
7sjå, difor lèt Herren Storelva
koma over dei i store, stride straumar
– assyrarkongen og heile hans velde.
Ho skal stiga over alle sine bardar
og fløyma over alle sine bredder.
8Ho trengjer seg inn i Juda,
kjem veltande og renn utover;
ho når heilt opp til halsen på folk.
Med sine utbreidde venger fyller ho ditt land,
så vidt som det er, Immanuel!
9Lat hærropet lyda, de folk!
Like fullt skal de skjelva av redsle.
Lyd etter, alle land langt borte!
Bu dykk til strid, de skal verta forfærde,
ja, bu dykk, de skal verta forfærde!
10Legg ein plan, han skal verta til inkjes!
Tal eit ord, det skal ikkje slå til!
For Gud er med oss. Ottast Herren, Allhærs Gud!
11Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket:
12Kall ikkje alt for samansverjing
som dette folket kallar samansverjing!
De skal ikkje ottast og ikkje skjelva
for det som folket ottast.
13Herren, Allhærs Gud,
han skal de halda heilag.
Han skal de ottast
og for han skal de skjelva.
14Han skal vera ein heilagdom,
ein støytestein og eit berg til fall
for begge Israels rike,
ei snare og ei felle
for dei som bur i Jerusalem.
15Mange av dei skal snåva;
dei skal falla og skamslå seg,
gå i snara og verta fanga. Vitnemål og venting
16Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine.
17Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han.
19Men om dei seier til dykk:
«Vend dykk til gjengangarar og spådomsånder,
til dei som kviskrar og mumlar!
Skal ikkje eit folk venda seg til sine gudar
og spørja dei døde til råds for dei levande?»
20Til ordet og til vitnemålet!
Er dei ikkje samde i dette,
det folket som ikkje ser ein ljosstråle,
21så skal dei fara gjennom landet, forkomne og svoltne.
Og når dei svelt, vert dei harme
og forbannar sin konge og sin Gud.
Anten dei vender seg mot det høge
22eller ser ut over jorda,
er det naud og natt, trengsle og mørker;
ut i svarte natta er dei støytte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.