2. Krønikebok 23 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Atalja vert drepen

1Men i det sjuande året tok Jojada mot til seg og gjorde ein avtale med nokre av hundremannsførarane. Det var Asarja, son til Jeroham, Ismael, son til Johanan, Asarja, son til Obed, Ma'aseja, son til Adaja, og Elisjafat, son til Sikri.

12Då Atalja høyrde ropet frå folkehopen som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

13Der fekk ho sjå kongen stå attmed søyla si ved inngangen, og hovdingane og hornblåsarane attmed han. Heile hopen jubla og bles i trompetar, og songarane stod der med instrumenta sine og styrte lovsongen. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Opprør, opprør!» 4 Mos 10,10

14Men presten Jojada sende hundremannsførarane i veg, dei som stod over hæren, og sa til dei: «Lei henne ut mellom rekkjene! Og fylgjer nokon etter henne, skal han hoggast ned med sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.»

15Så greip dei Atalja. Ho laut gå gjennom Hesteporten inn i kongsgarden, og der drap dei henne.

16Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk. 2 Kong 11,17–20; 15,12

17Så gjekk alt folket til Ba'al-templet og reiv det ned. Altara og gudebileta der slo dei sund, og Ba'al-presten Mattan drap dei framfor altara.

18Så sette Jojada inn tilsynsmenn i Herrens hus. Det var dei prestane og levittane som David hadde delt inn i skift til å gjera teneste i templet, til å bera fram brennoffer for Herren, som skrive står i Moselova, med glede og song etter Davids føresegn. 1 Krøn 24,3ff

19Og han sette vaktmenn ved portane til Herrens hus, så ikkje nokon som på eit eller anna vis hadde vorte urein, skulle koma inn der.

20Så tok han med seg hundremannsførarane, stormennene, styresmennene i folket og heile folkehopen og henta kongen ned frå Herrens hus. Dei gjekk gjennom Øvreporten inn i kongsgarden og sette kongen på kongsstolen.

21Folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help