1Job heldt fram med visdomstalen sin og sa:
2Så sant Den Allmektige lever,
han som ikkje lèt meg få min rett,
Gud som har gjort meg beisk i hug:
3Så lenge det er livsande i meg,
pust frå Gud i min nase,
4skal eg ikkje ta urett på mine lipper
eller svik på mi tunge når eg talar.
5Eg kjem aldri til å gje dykk rett;
så lenge eg lever,
gjev eg ikkje opp mi ærlege ferd.
6Eg held fast på min rett og slepper han ikkje.
Hjarta mitt klagar meg ikkje
for noko eg har gjort i mitt liv.
7Lat min fiende stå der som niding,
min motstandar som ugjerningsmann.
8For kva kan den gudlause vona på
når Gud skjer livstråden av
og gjer ende på hans liv?
9Høyrer Gud hans klagerop
når trengsla kjem over han?
10Kan han gleda seg over Den Allmektige
og stendig ropa til Gud?
11Eg vil læra dykk om Guds makt
og ikkje dølja kva Den Allmektige har tenkt.
12De har då sett det, alle saman.
Kvifor kjem de så med tome ord?
13Dette er den lagnad
som det vonde mennesket får hjå Gud,
den arv som valdsmannen får
frå Den Allmektige.
14Om borna hans er mange,
skal dei falla for sverd,
og etterkomarane får ikkje brød,
så dei kan eta seg mette.
15Dei som slepp unna, skal døy i pest,
og enkjene held ikkje syrgjehøgtid.
16Når han haugar opp sølv som mold
og samlar seg klede som leire,
17skal rettferdige kle seg
med det han har samla,
og skuldlause menn dela sølvet.
18Det huset han byggjer, er som spindelvev,
som lauvhytta vaktmannen lagar seg.
19Han legg seg ned som rikmann,
men det gjer han aldri meir;
når han vaknar, er rikdomen borte.
20Redsler når han att som vatn,
om natta sopar stormen han bort.
21Austavinden lyfter han opp
og riv han med, så han fer av stad.
22Folk kastar på han utan skånsel,
han må røma frå deira vald og makt.
23Dei klappar hånleg i hendene
og pip han bort frå hans stad.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.