1. Samuelsbok 28 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1På den tid samla filistarane hærane sine og ville gå til krig mot Israel. Då sa Akisj til David: «Du veit vel at både du og mennene dine må fylgja meg i striden?»

2David svara: «Godt, du skal få sjå kva tenaren din duger til.» Akisj sa: «Så set eg deg til hovding over livvakta mi for alltid.»

Saul hjå spåkvinna i En-Dor

3No var Samuel død, og heile Israel hadde halde syrgjehøgtid over han og gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Og Saul hadde drive ut or landet dei som mana fram daudingar og spådomsånder.

4Filistarane samla seg, drog til Sjunem og slo leir der. Og Saul samla heile Israel og slo leir på Gilboa-fjellet.

5Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at han skalv.

6Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller gjennom urim eller gjennom profetar.

7Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram daudingar, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan det.»

8Saul skifte no klede og gjorde seg ukjenneleg. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Hjelp meg til ein spådom med manarkunsta di! Henta opp den som eg nemner for deg!»

9Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rudt ut or landet alle som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»

10Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»

11Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»

12Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er Saul!»

13Då sa kongen til henne: «Ver ikkje redd! Fortel meg heller kva du ser!» Kvinna svara: «Eg ser ei ånd som stig opp or jorda.»

14«Korleis ser ho ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Det er ein gamal mann som stig opp, og han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.

15Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg og svarar meg ikkje meir, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»

16Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg, når Herren har vendt seg frå deg og vorte din fiende?

17No har Herren gjort det som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut or di hand og gjeve det til ein annan, til David. 15,28

18Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedomen hans over amalekittane, difor har Herren gjort dette mot deg i dag.

19Og saman med deg skal Herren gje Israel i hendene på filistarane. I morgon skal du og sønene dine vera hjå meg. Og Herren skal gje Israels-hæren i filistarhand.»

20Med det same Saul høyrde desse orda, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var reint kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta.

21Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestkvinna di har lydt deg; eg våga livet og gjorde som du sa til meg.

22Så lyd no du meg, herre, og lat meg få setja fram litt mat for deg! Et, så du kan styrkjast før du fer din veg.»

23Men han ville ikkje og sa: «Eg skal ikkje ha mat.» Då nøydde dei han, både mennene hans og kvinna, til han gjorde som dei sa. Han reiste seg opp og sette seg på senga.

24Kvinna hadde ein gjøkalv heime; den skunda ho seg og slakta. Så tok ho mjøl, knadde det og baka usyrte brød.

25Med så gjort bar ho på bordet for Saul og mennene hans, og dei åt. Same natta tok dei ut og fór sin veg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help