Jesaja 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens fjell i dei siste dagar

1Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over haugane.

Dit skal alle folkeslag strøyma.

3Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.»

4Han skal døma mellom folkeslaga,

skifta rett for mange folk.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig.

5Kom, Jakobs ætt,

lat oss ferdast i Herrens ljos!

Einast Herren er høg og mektig

6Du har støytt frå deg folket ditt, Jakobs ætt.

For dei fer med kunster som folket i Austerland,

driv med spådom som filistarane

og gjev handslag til framande folk.

7Landet deira er fullt av sølv og gull,

det er ingen ende på skattane deira.

Landet deira er fullt av hestar,

det er ingen ende på vognene deira.

8Landet deira er fullt av avgudar;

dei bøyer seg og tilbed

det dei har laga med eigne hender,

det dei har gjort med eigne fingrar.

9Då skal mennesket bøyast

og mannen audmykjast.

Tilgjev dei ikkje!

10Fly inn i fjellet, gøym deg i jorda

for Herren som vekkjer redsle,

og for hans stordom og velde!

11Mannen må slå sine stolte augo ned,

og det hovmodige mennesket vert bøygt.

Einast Herren er høg den dagen.

12For Herren, Allhærs Gud,

har sett ein dag til dom

over alt som er stort og stolt,

over alt som ris i veret

– det skal siga i hop,

13over alle sedrar på Libanon

som lyfter seg høgt og byrgt,

over alle eiker i Basan,

14over alle høge fjell

og alle ruvande høgder,

15over alle høge tårn

og alle festningsmurar,

16over alle Tarsis-skip

og alle fagre skuter.

17Då vert det stolte mennesket bøygt

og den hovmodige mannen audmykt.

Einast Herren er høg den dagen.

18Og med avgudane er det ute for alltid.

19Då skal folk fly inn i hellerar

og gøyma seg i jordholer

for Herren som vekkjer redsle,

og for hans stordom og velde,

når han reiser seg og skræmer jorda.

20Den dagen skal menneska kasta frå seg

avgudane av sølv og gull,

som dei har laga seg og tilbed,

kasta dei for moldvarp og flaggermus

21og fly inn i fjellholer

og gøyma seg i bergkløfter

for Herren som vekkjer redsle,

og for hans stordom og velde,

når han reiser seg og skræmer jorda.

22Hald opp med å lita på menneske

som berre har ein pust i nasen!

Kva er dei å rekna for?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help